Ønskjer du å arrangere noko på Balestrand Hotell?

Ønskjer du å booke heile hotellet, området eller baren for eit event? Vi ønskjer alle idear velkomne, og hjelper deg gjerne med å dra det i land. Vi gler oss til å høyre frå deg!


Ein del av draumen vår er å etablere eit kreativt samlingspunkt for kunstnarar, musikarar og andre skapande sjeler.

STUDIO

— Eit kreativt samlingspunkt i Balestrand

Rett ved hotellet ligg eit stort, grønt bygg – tidlegare brukt som lager, men no under omforming til å bli eit høgkvalitets-studio. Her vil ein få tilgang til alt nødvendig utstyr, lydisolerte rom og ei inspirerande atmosfære for musikk og kunst.

I første etasje lagar vi òg ei leilegheit med plass til både artistar og crew, slik at ein kan bu og skape på same stad. I tillegg kjem det eit rom som kan fungere som eit mindre studio eller atelier – alt etter kva ein treng.

Prosjektet er allereie i gang, og vi gler oss til å ønskje artistar og kunstnarar velkomne i framtida!

Oppdateringar kjem fortløpande.

Ønskjer du å leige hotellet (utanom sesong) til musikkproduksjon medan du venter på at studioet blir ferdig?