Lurer du på kva du kan finne på i Balestrand? Vi har samla dei beste tipsa til deg!

Sauna

Velkomen til ei heit oppleving ved fjorden!

Saunaen vår står heilt ytterst på piren framom hotellet, med panoramautsikt over fjorden – så nært vatnet at det nesten følest som du flyt. Her kan du lene deg tilbake i varmen, slappe av og nyte utsikta. Og viss du vil ha den komplette opplevinga? Ta steget ut i fjorden og kjenn kor godt det gjer etterpå. Ingen angrar på eit fjordbad, berre så du veit det!

Du kan leige heile saunaen for deg sjølv eller drop-in om du har medlemskap. Her er det plass til opptil 9 personar samstundes.

Kva ventar du på? Hopp i det!
Les meir og bestill her.

Fjelltur

Eit eldorado for turgåarar!
Balestrand byr på eit mangfald av godt merka stiar – frå fjordkanten til spektakulære toppar. Enten du er ute etter ein roleg rusletur eller ei skikkeleg utfordring, finn du noko som passar her.

Nokre av våre favorittar:


Naturstien (0–150 moh): Lett og lærerik rundtur med info om natur og dyreliv – perfekt for heile familien.


Orrabenken (0–370 moh): Moderat stigning med panoramautsikt over fjorden og bygda.


Raudmelen (0–978 moh): Topp bak sentrum med fine stopp undervegs og ei utsikt du seint gløymer.


Tjuatoten (0–1098 moh): Frå Dragsvik – krevjande, men belønna med gamalt solkors og rå utsikt.


Keipen (0–1417 moh): For den erfarne – luftig, vakkert og uforgløymeleg.

Mange av turane startar i sentrum, andre krev ein kort køyretur. Spør oss gjerne for tips!

Klar for å utforske?
Klikk her for meir info eller sjå turar på UT.no

DRIP Fiske

Mons og Viljar i DripFiske vil gjerne vise deg skattane frå havet i Balestrand! Bli med på ein guida fisketur som balanserer ro, stillheit, adrenalin og spenning i ei og same pakke.

Ciderhuset

Ciderhuset ligg ein liten spasertur frå kaien og hotella i sentrum. Balholm er merket deira for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap.

På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis destillere eller lage musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller nyte eit måltid i restauranten. Ciderhuset tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging - eller anna moro!

Sykkelutleige

Vil du oppdage Balestrand frå sykkelsetet? Då kan du stikke innom Balestrand Adventure på kaien i Balestrand og leige den sykkelen som passar for deg!


Dei har både vanleg sykkel og el-sykkel.

Fjord sightseeing

Likar du vind i håret? På denne turen får du kjenne på spenninga frå ein rask, men komfortabel båttur medan du lærer om stadene og historiene i Balestrand.

Norsk Reiselivsmuseum

Det nye tema­museet i Bale­strand, som vart opna våren 2016, gir deg høve til å verta kjent med reise­livet si ut­vikling og reisinga si historie i fjell- og fjord­landet vårt.