Tilbake til alle arrangementer

‘Muffens i posen’ med Linda Eide

Sjølvaste Linda Eide kjem til Balestrand Hotell laurdag 1. november,
med språksjovet Muffens i posen!
Billettsal og meir info om sjølve arrangementet kjem snart.

Om Muffens i posen
Linda Eide gyv laus på det fascinerande, fantastiske og ytterst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: Språket!
Kva ler vi av? Kva blir vi forbanna av? Kva har vi null kontroll med? Og når er språket på sitt mest imponerande? Muffens i posen er underhaldande folkeopplysning, med ørlite ekstra vekt på underhaldande.

Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår og er kjent for personlege programkonsept som Norsk attraksjon, Smæsj og ikkje minst Eides språksjov, som gjorde språk til laurdagsunderhalding, gjennom tolv sesongar på NRK.

Eide skriv også bøker og sceneframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling.

Til Balestrand Hotell kjem også Frynsegodene. Gruppa består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad, Christina Brunner, saman med Linda. Med mottoet “lite for gehøret, mykje for humøret!” byr dei på ei musikkoppleving utanom det vanlege - og sørgjer elles for å bidra med smittande humør og truleg høg latter gjennom kvelden.

Forrige
Forrige
22. august

Balestrand Badeklubb Festival 2025