Tilbake til alle arrangementer

Balestrand Open


Balestrand Open er ein skifestival utanom det vanlege, der sport, fest og storslått natur møtest i hjartet av Sognefjorden. Festivalen byr på actionfylte konkurransar og ein sosial møteplass for skiglade folk frå fjern og nær.

Balestrand er kjent for sitt imponerande vinterlandskap, og under Balestrand Open får du sjansen til å teste ferdigheitene dine i ei rekke spennande konkurransar, som big air og rail jam – både for dei med ein og to plankar under beina. I tillegg kan du nyte den spektakulære utsikta over fjord og fjell på toppturar som blir arrangert denne helga. Og ikkje minst – oppleve den unike festivalstemninga som berre Balestrand kan by på.

Toppturane blir planlagde etter vêr- og snøforhold, og erfarne guidar vil vere med for å sørgje for ei trygg og minnerik oppleving i fjellet.

Både fredag og laurdag etter bakken flyttast festlegheitene ned til Balestrand Hotell, der det blir god mat, afterski, DJ-sett – og kanskje nokre overraskingar.

Forrige
Forrige
5. januar

Event Five

Neste
Neste
19. april

Musikkbingo med Marta Ese Haugen