Er du klar for eit musikalsk nostalgi-dykk på Balestrand Hotell?
Kom til oss for musikkbingo med Marta Ese Haugen, under sjølvaste påskeaften!
Vi snakkar songklassikarar frå 60-talet og heilt fram til i dag – ein heilaften med god stemning og velkjente tonar.
Slik funkar det: Lytt til låten som blir spelt, finn tittelen på oversikta og marker den på musikkbingo-brettet ditt.
Alle deltakarar må vere på plass innan kl. 20.00 – lurt å vere ute i god tid for å sikre seg plass. Marta drar i gang musikkbingoen rundt kl. 20.30.
Det blir tre rundar: 1 rad, 2 rader og fullt brett – totalt varer det rundt eit par timar.
Dette er ikkje eit lagspel, men du står fritt til å samarbeide med dei rundt deg for å finne låtane. Vi håpar mange vil bli med på denne reisa inn i deilige beats-univers!
CC: Gratis