Råbrent kjem tilbake til vakre Balestrand Hotell for å halde keramikkurs – for tredje år på rad!
PROGRAM
Fredag - for dei som vil:
Roleg hygge på hotellet med musikk, god drikke og kanskje litt keramikksnakk og førebuingar til morgondagen. Velkomen til ein uformell og koseleg samankomst.
Laurdag 12:00 - 15:00
Keramikkafé
Pris: frå 350 kr per person
Billettar: https://www.raabrent.no/pro.../keramikkafe-balestrand-hotell
Keramikkaféen er eit lågterskeltilbod der du kan ta med deg familien eller venegjengen for ei kreativ stund. Du kjøper ein klump leire og lagar éin ting for 350 kr – og om du får smaken på det, kan du kjøpe fleire. Vi held korte introduksjonar kvar halvtime frå kl. 12-15 for dei som kjem undervegs.
Laurdag 18:00 - 20:30
Clay Play – vårt populære kveldskurs
Pris: 850 kr per person
Billettar: https://www.raabrent.no/.../clay-play-balestrand-hotell
På Clay Play får du lage opptil tre keramikkstykke i løpet av kurset – ein perfekt kveldsaktivitet å gjere åleine, saman med vener eller familie.
Kurset varer i om lag 2,5 timar, og du lærer grunnleggande byggeteknikkar for å forme fat, skulpturar, skåler, lysestakar – eller det du elles har lyst til å lage. Vi brukar steingodsleire, og du kan velje mellom 9 ulike glasurar/fargar som vi påfører etter kurset.
Keramikken blir deretter brent, glasert og ferdigstilt av oss. Nokre veker etter kurset kan arbeida hentast anten på Balestrand Hotell eller i verkstaden vår i Bergen (Lille Øvregaten 18).